Heihei!
Eg fekk i lekse å skrive eit kort innlegg/ ei melding om førestillinga til Are Kalvø som kom på Sandvika skole onsdag 26 august. Han var ein morosam mann som snakket veldig mykje. Han snakket nynorsk og fort!. Det var litt vanskeleg å følgje med, men eg fekk med meg at han var ein morosam mann som levde av tøys og tull. Eg har aldri lest ein bok av han, men skulle gjerne ha gjort det etter eg hørte på forstillinga. Det hørast ut som han har opplevd mykje rart. Han fortalte om oppveksten sin og om kva han gjorde for å leve av tøys og tull (noe som ikkje mange lever av). Når eg kom heim på onsdagen prøvde eg å finne ut kva slags bøker han har skrevet, og eg fant ein som eg likte, som eg kjem til å lese etter kvart. Den heiter: "Absolutt Oslo"som han debuterte med som forfattar i 1994 .
Her er litt fakta om for dykk som ikkje har hørt om Are Kalvø : Are Kalvø er født 31 desember 1969 på Sunnmøre og er ein norsk forfattar, kåsør og satirikar. Han har vunne mange prisar opp igjennom årene: Årets frilanser, Vinjeprisen, Sunnmørsprisen osv. I 1994 debuterte han med sin første bok. Deretter kom bøkene ”Store nordmenn” (1995), ”Kunsten å vere neger” (1996), ”Men fjernkontrollen min får du aldri” (1997), ”Harry” (1999), ”Bibelen 2” (2002), ”Syden” (2002) og ”Greatest hits vol. 1”, som innehalde ”Absolutt Oslo”, ”Kunsten å vere neger”, ”Men fjernkontrollen min får du aldri” (2003) .
Kort oppsummering: Han snakket stort sett som de bøkene han har skrevet og han kom med morosame historier innanfor korleis og kvifor han skrev bøkene.