mandag 2. november 2009

Georg Brandes

Georg Brandes (1842.1927) var ein dansk kritikar og litteraturforskar som hadde stor innflytting på den skandinaviske litteraturen. «Det moderne gjennombrotet» kjenneteikne av ein sterk realisme i litteratur og kunst. Det var hovudsakleg gjennom Georg Brandes at dei nye ideane og den nye litteraturen kom til Noreg, og hans tankar danna grunnlaget for "det moderne gjennombrotet". I 1870-årene heldt han fleire foredrag der han kritiserte dansk litteratur for å vere uinteressant. Den tok ikkje opp problem i samfunnet, noe Georg Brandes meinte var litteraturen sin aller viktigaste oppgåve. Det mest kjende sitatet av Brandes er: "Det som viser at diktning i våre dagar er levande er at han sett problem under debatt". Dette er framleis viktig i litteraturen og samfunnet i dag. I dag blir heile tida problem i samfunnet tatt opp under debatt, men ikkje alle problem får nok oppmerksamheit. Dei problem eg meiner at litteraturen i vår eige samtid bør debattere meir er blant anna tema som mobbing, fordommar, miljø, politikk, nødhjelp, terrorisme, alkoholmisbruk og skilsmisse. Dette er tema som blir tatt opp relativt mykje i media, men ikkje så mykje ellers i litteraturen vår. Eg trur det kunne vore interessant å lese meir om dette i romanar og noveller.

Ingen kommentarer: